Geitbøndene, seterbrukarane og kulturformidlarane Ellen Marie Tangen og Hans Bondal frå Sollia i Hedmark er tildelt Norsk Mat- og Kulturpris! Prisen på 100.000 kroner vart delt ut under den store festivalen Matstreif i Oslo sist laurdag. Prisen er etablert av Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Yara, og vart no delt ut for første gong. Tangen og Bondal driv to småbruk med i alt 110 geit. Om sommaren er geitene på setra, der dei og har starta seterkafe som byr på både mat og musikk. - Dei satsar verkeleg på setra, der dei no byggjer nytt fjøs og ystehus. Vi gratulerer Ellen Marie og Hans med prisen og ynskjer lukke til vidare med utviklinga av setra!