Ei rekkje engasjerte innleiarar vil analysere framtida for fjell- landbruket og fortelje kvifor vi skal satse, og utvikle oss saman for ei berekraftig framtid. Frå politisk hald vil du møte stortingsrepresentantane Ivar Odnes, Stine Renate Håheim og Morten Ørsal Johansen. Lokalpolitisk møter du regionleiar Inger Torun Klosbøle. Frå fagleg hald vil du møte Arne Lofthus, Brita Skallerud, Sidsel Røhnebæk, Helga Torvik Ulven, Gustav Fystro, Asgeir Føllesdal Svendsen og Oddbjørn Kval-Engstad.
Profilerte næringsutøvarar syner oss korleis dei brukar utmaksressursen, ved Kjell Gudmund og Line Svien, Arnfinn Beito og Linn Jenny Grønolen.
Konferansen opnar for at du kan engasjere deg, stille spørsmål og finne svar saman med gode kollegaer. Lokalavisa blir med som debattleiar i paneldebatten.
Rammene er lagt for at du i triveleg lag, med naboar og andre engasjerte, kan vera med å finne dei gode løysingar for framtida. Tine og Nortura vil servere oss rømmegraut med spekemat.
Alle som vil vera med å forme framtida, er velkomne. Påmeldingsfrist 10.februar post@valdres.no eller SMS 917 98 170
last ned programmets her