Samlinga vart opna av Fylkeskultursjef Randi Langøygjelten. Ho har sjølv vakse opp med seterdrift i Østerdalen, og minte oss om at UNESCO arbeidet også ligg inne i planstrategiar for Innlandet.
Om framtida til norsk seterdrift
Interessant var det også å sjå frå resultata frå spørjeundersøkinga til AgriAnalyse om status og framtidsperspektiv på stølsbrukarar. Hovudkonklusjonen var ingen overrasking. Det er når dei små og mellomstore bruka fell bort at stølane forsvinn. Svært urovekkande var det at heile 41% svarer at det skal avvikle seterdrifta /ikkje veit om dei skal avvikle seterdrifta i nærmaste framtid
UNESCO
Vi fekk ein god introduksjon i UNESCO-arbeidet av Eivind Falk frå Norsk handverksinstitutt og prosjektleiar Anne Katrine Nordbye. Falk sit også i UNESCO sitt Comity board som sluttbehandlar slike søknader. Dag 2 var det gruppearbeid i tre grupper som diskuterte ulike vinklingar med tema seterkultur og framtid – sett frå dei ulike miljøa dei representerte. Innspela skal nyttast i det vidare arbeidet med UNESCO.
Gode ambassadørar
Frå Hedmark kom også Årets unge Bonde, Øistein Aasen. Han tok oss med på setra i Vingelen, der dei unge gardbrukarane no er i gang med nytt fjøs og ysteri på stølen.
Ein litt meir utradisjonell drift er det på Dag og Tid-setra. I 2016 lånte redaktør Svein Gjerdåker og kona Ingvild Bryn kyr og seter, og har sidan drive setra kvar sumar. Dag og Tid-abonnentar kan følgje livet på setra i avisa.
Søndag 16. februar var det høve for dei ulike organisasjonane til å presentere seg, og fortelje litt om korleis vi kan samarbeide om UNESCO-arbeidet.
Samlinga synte at mange er opptekne av at seterkulturen og seterdrifta betyr mykje for mange, og skal leve vidare i framtida. Vi har no byrja samle alle gode krefter, og er optimistiske i høve til det vidare arbeidet.
Alle presentasjonane, prosjektplan og sluttrapport for UNESCO vert lagt ut her:
Sluttrapport forprosjekt UNESCO
Årets unge bonde Øistein Aasen
Norsk Håndtverkssinstitutt Eivind Falk