Herdalsetra
Fra Herdalsetra

Bok om 50 år med seterdrift som stifting for ungdommeleg drift

7. okt 2024

I år (2024) var det 50 års jubileum for Gammelsetra i Inner Grøvudalen. Drifta har gått som stafettpinner for ungdom - i generasjonar. 50 år med ungdommeleg seterdrift vart feira med mellom anna markvandring og konsert. Historia om drifta i Grøvudalen er også samla mellom to permer i boka "Grøvudalen – natur og kultur» med undertittel «Grudalen, Røymoen og 50 år med ungdommeleg seterdrift" av Tor Helge Gravem

Boka er i første omgang tenkt som ei oppdatering av to bøker:

"Grøvuvassdraget - natur og kultur", som kom i 1983, der kampen mot neddemming av m.a. Grøvudalen var sentral, og "Gammelsetra - 40 år med ungdommeleg seterdrift" som kom for 10 år sida. I tillegg markerer den 50-årsjubileet for den ungdommelege seterdrifta på Gammelsetra. Den er eit smalare geografisk enn den frå 1983 i og med at den konsentrerer seg om historie og verdiar i Grøvudalen og Røymoen, som er garden ved munningen av dalen. Den ungdommelege seterdrifta blir også ført ti år lenger fram i tid i høve til boka frå 2014 der fleire av dei som har vore med på drifta i desse åra bidreg med minner og historier. I tillegg er det fleire faglege artiklar der kompetente forfattarar har bidrege om busetnadshistorie, geologi, jakt og fangst, utmarksbeite, planteliv, fugleliv, insekt, villrein og ein artikkel av Svein Sæter, "Fjellparadiset", der han stiller spørsmålet "Korfor blir vi alltid lykkelege av å gå inn Grøvudalen?". I tillegg er det med ei samling av stadnamn, litt om gruvedrifta og om buer og læger kring dalen. Av medforfattarar kan nemnast Yngve Rekdal (beite), John Bjarne Jordal

(plante- og fugleliv), Jostein Sande (busetnads- og generell historie), Allan Krill (geologi) og Per Jordhøy (villrein), alle med grundig kjennskap til området. Ei oversikt over verne- og utbyggingsplaner er med i starten på boka.

Boka gjev eit heilskapeleg bilete av historikk, kultur og natur med plante- og dyreliv i området.

Ei flott bok for alle som ynskjer lære meir om seterdrift med utgangspunkt i drifta i Grøvudalen. Boka kan bestillast direkte frå forfattar Tor Helge Gravem.

cross