Herdalsetra
Fra Herdalsetra

Årets unge bonde 2024

12. okt 2024

I år var det Jørgen Andrisson Kvam (26) og Thea Sandsengen (27) som gjekk til topps i tevlinga "Årets unge bonde". Paret driv garden Kvam i Vang i Valdres, der dei har både mjølkeku og ammeku, i tillegg til gardssag. Og vinnar-paret har kyrne på stølen kvar sommar.

Juryen for kåringa la vekt på at vinnarane driv fjellandbruk og nyttar utmarksbeite godt. Ammekyrne går i skogen frå mai og til hausten, og mjølkekyrne er på stølen frå slutten av juni og fram til i september. For tre år sidan bygde Jørgen og Thea ny mjølkestall på stølen, som gjer at dei kan ha full produksjon der om sommaren.

Dei unge prisvinnarane meiner at eit driftsopplegg som brukar grovfôrressursar og utmark på ein god måte er positivt både for matproduksjon, dyrevelferd og eit kulturlandskap som gror stadig meir att.

cross