Norsk seterkultur deler kvart år ut ein seterpris til nokon som har gjort ein særskilt innsats for seterdrifta. Det kan vera ved tradisjonell seterdrift, ved mjølkeforedling, ny næringsverksemd tufta på seterdrift, vitskapsleg forsking eller formidling av stølskulturen. Og årets vinnar treffer godt opptil fleire av desse kriteria.
Olestølen i Øystre Slidre i Valdres hadde ikkje vore i bruk sidan omlag 1970-talet, men prisvinnaren fekk rydda kulturlandskap og ordna gjerde og bygningar, og i 2007 kom både geiter og budeie attende til stølen.
Der produserer dei no både ostar, spekepølse og skinn, og drifta er eit godt døme på verdiskaping og berekraftig matproduksjon på lokale ressursar. Frå 2012 har stølen teke mot gjester, og etter kvart har det kome til både stølskurs og praktikantar. Slik fører budeia på framifrå vis vidare seterkulturen - sjølve den immaterielle kulturarven som no er komen på Unesco-lista. Alt i alt er Kathrin H. Aslaksby ein framifrå talsperson for seterdrift og seterkultur, og me ynskjer lukke til med Seterprisen for 2025!