Program og stad for årsmøte 2016 er no klart. Årsmøtet og fagsamling vert på Dombås 8. - 9. april. Den faglege delen fredag 8. april blir eit samarbeid med Norsk Gardsost, og laurdag 9. gjennomfører båe organisasjonane årsmøte. Årsmøta vert haldne etter kvarandre slik at dei som er medlem i båe organisasjonane kan delta på båe. Programmet inneheld tema som verdi-skaping- matkultur og marknad.
Foto: Therese Rudi
Så langt er det klart at Andreas Viestad, kjent kokk, forfattar og matkultur-inspirator m.m., har sagt ja til å delta med foredrag. Vi er også så heldige at leiar i Norsk bonde- og småbrukarlag, Merete Furuberg kjem for å prate om korleis stølsdrifta passar inn i norsk landbrukspolitikk. I år er det også lagt opp til meir tid til erfaringsutveksling .mellom deltakarane.
Mer detaljert program kjem etter styremøtebehandling neste veke!
Priser for opphaldet på Dombås Hotell, Pr person:
Enkeltrom, fullpensjon ink 2 dagpakker: 1640,- (-500)
Dobbeltrom, fullpensjon ink 2 dagpakker: 1400,- (-500)
Dagpakke pr dag 395,-
Dagpakke + middag 8.4: 790,-
Kun middag 8.4: 395,-
Konferanseavgift: Konferansen er gratis. Hotellopphald og dagpakke betalast på førehand Medlemmer av Norsk seterkultur /Norsk gardsost får dekka kr 500,- av overnattingsutgiftane.
Påmelding innen 1 mars til: ks@valdres.no / 99009584.
Vi minner også om at saker til årsmøte må vere inne innan 19. mars (før påske)