At utdelinga av prisen skjedde akkurat på Brimi sæter er heilt tilfeldig, men ikkje mindre artig, seier Hans Bondal, leiar for juryen – og leiar i Norsk seterkultur.
Det var forslag på mange gode kandidatar, noko som fortel om stor aktivitet og kreativitet i ”seterlandet”, fortel Bondal. Med seg i juryen har han hatt Solveig Linge Stakkestad frå Norges Bygdekvinnelag og Nils Asle Dolmseth, nestleiar i konsernstyret i Tine.
Brimi sæter er i dag ei mangfaldig verksemd, med servering og overnatting, ysteri og formidling av seterkultur. Og setra ber preg av dyktige og kreative drivarar, trygt forankra i tanken om å føre driftsform og tradisjonar vidare. - Hans Brimi, odelsgut på garden Brimi, hadde tidleg tankar om å vidareutvikle setra. Han er kokk og opplært og inspirert av kjøkenet på Fossheim i Lom, der Arne Brimi var kjøkensjef. Ola er gift med Hans. Han er murar av yrke, men har lært seg kunsten å yste – og på setra kan du som gjest få følgje heile ysteprosessen. Marit er dotter til Ola. Ho er student, men hjelper kvar sommar til i butikk og kafe.