Norsk seterkultur prøver å gi oversikt over alle seterbøker her til lands. Ikke alle når oss, som denne fra 2017 av Aslaug Tangerås: Tjelmen. Frå stølsplass til hyttegrend. Er det bøker du ikke finner i seterbiblioteket vårt så gi oss beskjed!
Om boka til Tangeraas:
Tjelmen var ein gammal stølsplass ein times bratt gange opp frå gardane i Sauda. Boka tek føre seg livet på stølen og koss bøndene henta heim høy og ved med hest og slede på kalde vinterdagar.
På 1920-talet kom industrien til Sauda i form av eit svært smelteverk og mykje røyk. Mange fekk lungebetennelse og døydde og truleg var dette den største industriskandalen i landets historie. For å komma vekk frå røyk og industri fekk fabrikkarbeidarane eit økonomisk tilskot til å bygga hytte og fleire bygde på Tjelmen. Stølslivet på Tjelmen endra seg i takt med samfunnsutviklinga i Sauda og i landet. Stølslivet fortsette, men det blei mindre, og dei slutta heilt i 1964.
Det er kun 18 bygningar på stølen og nokre av dei står som i gammal tid. Dei er samla på ei lita idyllisk flate mellom ei elv og eit tjern og med fjella rundt. Dei som eig husa har på ulikt vis skrive si unike historia om sin støl/hytta.
Boka får fram ein viktig del av det gamle bondesamfunnet og stølslivet og overgangen til eit industrisamfunn med hytter og friluftsliv.
Boka kan bestilles på Tangeraas forlag for kr 99. Kontakt aslaug.tangeraas@gmail.com eller send sms til 93610950