Herdalsetra
Fra Herdalsetra

Arrangementet samla rekordmange deltakarar. Fagdagen starta med samling og
omvising på Sogn Jord- og Hagebruksskule, der Aksel Hugo, Gunn Wester og
Even Hov tok seg av omvising og faglege foredrag. I tillegg fortalte Ida
Østvold, tidlegare elev ved skulen, om gards- og stølsdrifta si i Vang i
Valdres. Frå Aurland bar det til omvising i Undredal, på stølsysteriet og i
Eldhuset visingssenter nede ved fjorden.

[ngg src="galleries" ids="2" display="basic_thumbnail"]

Organisasjonen Alliansen ny landbrukspolitikk har lansert ei seterpolitisk melding. Arbeidet starta på Økoveka i Oslo 2018 då Norsk seterkultur var med på eit oppstarts-seminar. Meldinga er no klar og kan lastas ned frå link lenger nede på sida.

Foto: Kathrin Hofmann
(mer…)

TA IMOT FLOTTE UNGDOMMER SOM VIL LÆRE OM BÆREKRAFTIG JORDBRUK!

(mer…)
Seterprisen 2019 vart delt ut i samband med omvising på Undredal Stølsysteri. Representantar for dei tre samarbeidande gardsbruka, med dagleg leiar Anna Karine Marstein i spissen, tok i mot prisen.

Seterprisen 2019 vart laurdag 6. april tildelt Undredal Stølsysteri i Aurland. Miljøet i Undredal, som står bak stølsysteriet, har vore pionerar i den ”osterevolusjonen” vi har opplevd dei seinare åra. Med utgangspunkt i ubroten stølstradisjon med foredeling av geitemjølka i bygda har dei skapt prisløna produkt, gjeve ny kveik i bygda og vore ein viktig inspirator for stølsbrukarar og mange andre rundt om i landet. Det var og miljøet i Undredal som dro i gang arbeidet som førte til skipinga av Norsk Gardsost, og som sto i spissen for organisasjonen sitt arbeid i mange år. 

Seterprisen 2019 vart delt ut under Norsk seterkultur sitt 20-årsjubileum som var lagt til Aurland. Juryen for Seterprisen er Hans Bondal, Norsk seterkultur, Solveig Linge Stakkestad, Norges Bygdekvinnelag og Nils Asle Dolmseth, Tine.

Siv Beate Eggen frå Snåsa vart valt til ny leiar i Norsk seterkultur under årsmøtet i Flåm 7. april.  Ho overtek etter Hans Bondal, som sa frå seg attval etter fem år. Med seg i styret får Siv Beate: Knut Ola B. Storbråten, Nord-Odal, Per Sæther, Gjemnes, Nils Sigurd Drabløs  Sykkylven og Marit Skjelstad (Tine). Varamedlemar: Bjørn Karsten Ulberg, Sigdal, Bjørg Engene, Hemsedal og Gro Arneng, Vestre Slidre.


Nå er alt klappet og klart for vårt 20. årsmøte 7. april. Mange setervenner og samarbeidspartnere blir med oss både på festdagen 6. og årsmøtet 7. april i Aurland. Vi ser fram til mange gode innspill til videre arbeid for seterkulturen. Sakspapirene kan du laste ned fra linkene nedenfor.

Saksliste årsmøtet

Årsmelding

Saker til årsmøtet

Prosjektplan UNESCO forprosjekt

Program for festdagen finner du her

Påmeldingsfristen er avsluttet, men det er rom for et begrenset antall etterpåmeldinger . Vi ser fram til to minnerike dager!

For mer informasjon om opplegg og program, kontakt ks@valdres.no eller nilss-dr@online.no

Stolt som en hane. Foto: Alfred Nilsen

Då organisasjonen Norsk seterkultur starta i 1999 var motivasjonen naudsynt idealisme. Vi har ikkje tal på kor mange gratis arbeidstimer som er lagt ned i organisasjonen, men det er ikkje få! No er det på høg tid å feire oss sjølv og det vi har lagt ned av timer og engasjement!

(mer…)

Norsk seterkultur har dei seinare åra hatt ei fagsamling saman med årsmøtet. I år blir dette eit 20-årsjubileum med besøk på stølsysteri, film og biletutstilling, omvising på skulen, paneldebatt og ikkje minst festmiddag og utdeling av seterprisen.

Arbeidet med etableringa starta med eit forprosjekt i 1991. Statens Landbruksbank gjekk så inn med støtte til eit toårig prosjekt for endeleg etablering i 1999. Arbeidet starta på Vestlandet, så det passar bra å feire 20-årskjubileet i Sogn saman med eit av dei mest aktive setermiljøa i Noreg, seier grunnleggar Jostein Sande. Sjølve skipinga skjedde på Klones landbruksskule i Vågå som no er nedlagt.

(mer…)

Norsk seterkultur arbeider vidare med å få stølsdrifta inn på Unesco si verdsarvliste. Sidan 2003 har FN-organisasjonen opna for at også immateriell kulturarv kan få Unesco-status.

(mer…)

Snart i postkassene rundt om. Minner om kor viktig det er at vi har korrekt adresse. Manglar det t.d. veg-/gateadresse får vi bladet i retur. Har du mistanke om mangelfull adresse eller at du har flytta, send rett/ny adresse til seter@seterkultur.no

 

cross