Det var ein verdig seterprisvinnar som mottok Seterprisen 2017 til Brimi sæter i Lom under Norsk seterkultur si fagsamling og årsmøte 13. mai. At utdelinga av prisen skjedde akkurat på Brimi sæter er heilt tilfeldig, men ikkje mindre artig, seier Hans Bondal, leiar for juryen – og leiar i Norsk seterkultur. (mer…)
Hans Bondal frå Sollia vart attvald som leiar da NSK hadde årsmøte på Brimi sæter i Lom 14.5. Ny i styret er Tori Snerte, Hemsedal, og Gro Arneng, Vestre Slidre, vart vald til 3. vara. Siv Beate Eggen, Snåsa, Per Sæther, Gjemnes, Marit Skjelstad, Stjørdal, repr. landbrukssamvirket, var ikkje på val til styret, og Nils Sigurd Drabløs, Sykkylven og Bjørn Karsten Ulberg, Nedre Eggedal, vart attvald som 1. og 2. vara til styret.
Blant mange svært gode kandidatar valde juryen å gi Seterprisen 2017 til Brimi sæter i Lom, og utdelinga fann stad under Norsk seterkultur si fagsamling og årsmøte 13. mai. (mer…)
Nå er alt klappet og klart for både fagsamlinga og årsmøte. 13.-14. mai på Brimi seter. Vi ser fram til å dele erfaringer med seterbrukere og regner med å lære mye relevant. Årsmeldinga er klar og kan lastes ned lenger nede i teksten.
På fagsamlinga den 13. mai blir det et variert program med erfaringer fra seterbrukere som har satset på seterdrifta. Vi er også spente på hva vi får høre om setermelk og celletall, og lære mer om hva vi eventuelt kan gjøre for å ungå det. I beiteprosjektet Bedre og økt beiting har de jobba med optimalisert utnytting av beitene, og det er nok også relevant for mange. Vel møtt til alle som har meldt seg på! Dersom du ikke rakk og melde deg på så er det fremdeles noen få plasser igjen!
- Årsmeldinga er klar og kan lastes ned her: Årsmelding Norsk seterkultur 2016
- Program fagsamling og årsmøteprogram kan lastes ned her: Brosjyre fagsamling seterkultur 17
- Års- og arbeidsplan 2017 kan lastes ned her: Års- og arbeidsplan 2017
Stølsdrifta kan vanskeleg beskrivast for ein som ikkje har vert der. Livet med dyra på fjellet gjev mange sanseintrykk som vanskeleg kan forklarast med ord. Derfor har vi nå utarbeida ein eigen film om seterdrifta. Denne syner litt av livet på ein geiteseter. Filmen er utarbeida av Petter Napstad
Petter Napstad er utdanna på Kunstakademiet i Oslo, med tilleggsutdanning frå Nordland kunst- og filmskule i Kabelvåg. Han har deltatt på fleire utstillingar og festivalar, mellom anna Tromsø internasjonale filmfestival og Kortfilmfestivalen. I 2016 avslutta han to-årig agronomutdanning ved Sogn Jord- og Hagebruksskole. Livet i Aurland gav mange fine filmmotiv, ikkje minst her frå geitesetera i Flåmsdalen der denne filmen er teke opp!
Sjå filmen her: film
Gjennom prosjektet grønt Spatak har miljørørsla og bonderørsla knytt bånd i over 20 år.
I over 20 år har Grønt Spatak blitt arrangert over heile landet. Prosjektet er eit samarbeid mellom Natur og Ungdom (NU) og Norsk Bonde- og Småbrukarlag (NBS). I fleire samanhengar tenkjer ein kanskje at miljørørsla og bønder er veldig uenige, men i gjennom dette prosjektet samlar dei seg rundt felles interesser, mellom anna biologisk mangfald og utnytting av ressursar over heile landet. (mer…)
Styret i Norsk seterkultur har vedteke at Seterprisen 2017 skal delast ut i samband med med fagdag og årsmøte på Brimi sæter 13.-14. mai. Formålet med prisen er at den skal vera ei påskjønning til eldsjeler som har gjort ein stor innsats for å setja seterdrifta i fokus. Prisen vil dermed vera med å skape blest på ein positiv måte, og bidra til å sikre eksistens og vidareutvikling av seterdrifta. Norges Vel hadde i mange år eit stort engasjement for seterdrift og seterkultur, og delte ut Seterprisen i åra 2001 til 2006. Norsk seterkultur har fått overta nemninga Seterprisen, og vil vidareføre den med utgangspunkt i dei same kriteria som Norges Vel la til grunn. (mer…)
Årets fagsamling i forbindelse med årsmøtet i Norsk seterkultur blir 13.- 14. mai. Vi tar turen til Brimi sæter i Vågå for å se hvordan de har bygd opp setra til å bli bærebjelken for gårdsdrifta. Andre tema er melkekvalitet og beiting.
Foto: Cathrine Dokken
Brimi seter var en av pionerne for moderne seterturisme på begynnelsen av 2000-tallet. Dagens drivere tok over flere hundre år gamle bygninger og en besetning med gamle kuraser og innredet et moderne ysteri, overnatting, servering og utsalg av egne produkter. Konseptet har blitt en suksess, og i dag er tilbudet utvidet med vår- og høst konsept før og etter setersesongen. (mer…)
Første utgåve av Seterbrukaren 2017 er trykt og på veg ut, med m.a. seterreportasjar, aktuelt fagstoff, innspel til landbrukspolitikken, historisk stoff – og innkalling til årsmøte i Norsk seterkultur og innbyding til fagseminar, på Brimi sæter i Vågå. - Neste blad skal ut i juni, og vi oppmodar om å bidra med stoff.
Dei mange bøkene og hefta om tema knytt til stølar og seterkultur fortener å bli samla i ei oversikt. Norsk seterkultur har gjennom åra presentert seterlitteratur i Seterbrukaren, men no er det på tide å samle informasjon om denne bokskatten. Arbeidstittel kan vera ”Seterbiblioteket”.
(mer…)