Det er veldig mange der ute som på ulikt vis gjør ein stor innsats for seterkulturen. Seterdrift i seg sjølv krev stor innsats, og eigentleg fortener alle seterbrukarane kvar sin seterpris. Ut over det er det nokon som gjør litt ekstra, og bidreg med noko ut over det vanlege for seterkultren. Derfor lyser Norsk seterkultur kvart år ein seterpris. Prisen er eit bidrag på kr 5000,- og en grautbolle med helsing frå Norsk seterkultur. Du kan sjølv gje innspel til kven du meiner fortjener en slik pris
Føremålet med prisen er at den skal vera ei påskjønning til eldsjeler som har gjort ein stor innsats for å setje seterdrifta i fokus. Prisen vil dermed vere med å skape blest på ein positiv måte, og
bidra til å sikre eksistens og vidareutvikling av seterdrifta.
Kriteriar
Seterprisen skal delast ut årleg til ein eller fleire personar som har gjort ein
ekstraordinær innsats for seterdrifta i Norge. Innsatsen kan vera innan:
-Tradisjonell seterdrift
-Mjølkeforedling på setra
-Utvikling av ny næringsverksemd tufta på seterdrifta,
-Forskning og publisering av vitskapleg materiale
-Formidling av stølskulturen
Tidlegare tildelingar
Frå 2001-2006 delte Norges Vel ut seterprisen. Dei som har fått denne tidlegare er
2001: Christian Saxlund
2002: Åshild Dale og Jostein Sande
2003: Odveig og Inge Eggen
2004: Midtre Gauldal kommune
2005: Pascal Baudonel
2006: Kari Nedremyr
2017: Brimi seter/Hans Brimi og Ola Tangerud
2018: Budeienettverket i Hallingdal
2019: Stølsysteriet i Undredal
2020: Stiftinga Inner Gammelsetra i Grøvudalen
2022: Håvardsrud seterliv/Ingebjørg Håvardsrud
2023: Utstuvollen/Hanne Østgård Tingstad og Erling Tingstad
2024: Renndølsetra/Eystein Opdal og Paureng/Anders Enget (2 priser)
2025: Olestølen/Kathrin H. Aslaksby
Har du nokon du meiner fortjener prisen?
Send e-post til seter@seterkultur.no og forklar kvifor nettopp denne personen fortener ein slik pris. Frist for innspel 2026 i februar. Prisen delast ut i samband med årsmøtet.